Kven er vi?
Logoskyrkja
Logos tydar "ordet".
Joh. 1.1: "I byrjinga var Ordet. Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud".
I Johannesevangeliet begynner det med Ordet. Ordet er Jesus, Jesus var i byringa, han var hos Gud er han var Gud.
Kven er vi?
Logoskyrkja er ei kristen kyrkje i Førde som er tilknytt Misjonssambandet vest. Vi har lokalet vårt på Skaparhuset i Førde som ligg i 4.etasje, Øyrane 12. Vi nyttar same inngang som Sunnfjordparken.
Vår visjon er "I Kristus - vere, elske og utruste". Vi ynskjer å vere ein kyrkje der vi først og fremst skal få vere, blir elska og utrusta av Kristus, for at vi deretter kan få vere med å elske og utruste andre. Vi ynskjer at vårt fellesskap skal vere ein plass der Gud kan få jobbe i oss og gjennom oss!
Våre aktivitetar:
- Søndagsmøter annakvar helg. Sjå når under "kalender".
- Vi har søndagskulen/Awana nærmast kvart møte. Dette er for barn opp til 13 år.
- Konfirmantarbeid saman med Bygstad indremisjon.
- Ungdomtreff, Glimt for ungdommar frå 8.kl til ut vidaregåande skule.
- Småbarnstreff for barn mellom 0-6 år (barnehagealder).
Ønsker deg hjartleg velkomen til å ta del i aktivitetane våre!