For barn og ungdom

Søndagsskule

Vi har søndagsskule på dei fleste søndagsmøta! 

Vårt søndagsskuleopplegg heiter Awana. Vi deler oss i to grupper under møta. På denne måten får barna eit godt og kjekt opplegg tilpassa deira alder.

Cubbis: barn opp til 6 år

Sparks: barn opp til 13 år

 

Barneleir på Skilbrei

Misjonssambandet Vest arrangerer barneleirar på Skilbrei ungdomssenter for barn som går i 1-7 klasse. 

Ein leir består av møter, aktivitetar, leik og mykje moro. Her er det kjekke ute- og inneaktivitetar alt etter veret!
På leir høyrer vi spennande forteljingar frå Bibelen, vi håpar du får nye leirvenner, kiosken blir open og vi skal ha kosekveld med underhaldning.

Meir info og påmelding finner du HER!

 

Glimt - ungdomstreff

Glimt - ungdomstreff er for tida ikkje aktivt på grunn av leiarmangel. Ta gjerne kontakt visst du kan tenke deg å vere med som leiar. 

Målet er å starte opp igjen ungdomstreff ein kveld annkvar veke. Her kan ungdommar møtes vi til variert aktivitet, moro og Jesus. Alt frå intens spelekveld, energisk økter i gymsal, bowling, konkurransar, og kanskje eit forfriskande bad? Dette er tenkt som eit tilbud frå 8.klasse og opp. 

Vi har også Facebook-side:  Glimt Sunnfjord

 

Tabu - ungdomsleir

Tabu er ein ungdomsleir for 8.klasse og opp. Det blir GOD stemning, kjekke folk, gøye aktivitetar, digg mat og og ikkje minst spennande undervisning frå bibelen. Dette er ein leir for 8.klasse og opp. Vi håpar å sjå deg der!

Meir info og påmelding finner du HER! (Sjekk når det er TABU neste gong og meld deg på!) 

 

Konfirmasjon

Er du klar for ei minnerik konfirmasjonstid? Logoskyrkja og Bygstad Indremisjon vil invitere deg til ei spennande undervisning om den treeinige Gud, kjekke aktivitetar, ungdomsleir, skape gode augneblink saman med andre ungdommar og få delta i ei av våre forsamlingar. Det blir også ein kjekk konfirmantweekend til Bergen. Vil du bli med? 

 

For meir info og påmelding kontakt Trond Kråvik 

Tkravik(at)nlm.no

 

 

 

 

 

 

Powered by Cornerstone